
Det finst eit endelaust utval av utstyr til hengebor- og mikromotoren. På mange måtar er dette mulitverktøy som, på grunn av tilbehøyret du kan få tak i, delvis kan erstatta større maskiner.
Ei stor poleringmaskin vil kunna gjera ein langt betre poleringjobb enn det ein filtbørste på handstykket til hengebormotoren kan, men om plass og økonomi ikkje tillèt deg å ha ei større maskin, vil hengebor- eller mikromotoren ta deg eit godt stykke på vegen.
Hengebormotoren har eit kraftig motorhus og en fleksislange som overfører rotasjonen til eit handstykke. Mikromotoren har motoren i handstykket. Til tross for at dei er bygde forskjellig, kan dei bruke same børster, bor og fresar. Med nokre unntak er dei fleste handstykka tilpassa 3 mm tange, det vil seie den delen som blir festa i kjoksen.
Verktøyet vi finn til desse maskinene er først og fremst bor, fresar og slipe- og poleringsverktøy. Innanfor kategoriane er det mange forskjellige variantar. Nokre er tilpassa bestemte metall. Når ein bruker handstykket med børster, filtskiver og filtkjegler til å slipe og polere arbeidet, er det viktig å ha på nok med voks.

Bor
Vi treng hol for å kunne sage, sette inn steinar og lodde saman delar. Spiralbor har dimensjonar frå 0,5 mm opp til 3 mm med 0,1 mm stigning. Ein bruker fres over 3 mm. For å kjøle boret og hindre at det luggar, held ein eit lågt turtal og har på litt olje. Er turtalet høgt, får du varmegang i spissen, herdinga går ut av boret, og det vil bli sløvt. Diamantbor toler meir. Om boret knekk, kan ein ta det resterande stykket, slipe opp igjen sidene av spissen og fortsette å bruke det.
I Noreg går bora frå ca. 0,5 mm til 2,3 mm.

Freseverktøy
Ein fres blir brukt til å fjerne metall på ein rask og nøyaktig måte. Om ein derimot er litt uforsiktig eller uheldig, fjernar dei raskt for mykje eller på feil plass. Fresane har mange forskjellige former og fasongar som er tiltenkt dei fleste teknikkane og funksjonane.




Sylinderfres med tverrkutt egnar seg til å frese fatningane til allianseringer og innimellom klørne til klofatningar. Den kjem også med diameter frå 0,7 mm opp til 3 mm. På grunn av tverrkuttet trekker dei mindre ved fresing.
Holfres kjem som kon- og halvrund fres. Fresen rundar av klørne til klofatningane.
Flammefresen er egna til å rydde opp på tronge stader på grunn av si kone form, til dømes mellom klørne til klofatninga.
Spissfres blir nytta av enkelte fattere ved senking av stein i innfatninga.
Hjulfres blir også kalla for sagfres.
Skjæreskiver kan brukast på handstykka. Desse blir festa på en mandrill som passer handstykket. Tangen er den delen som blir sett fast i kjoksen, og den må vere mellom 2,8 og 3 mm for å passe til eit vanleg handstykke med hurtigkjoks.
Mattebørste blir nytta til å skape struktur i overflata. Dei heilt fine gir ei silkematt overflate, mens dei grøvste lager ein djup struktur i metallet.
Pusseverktøy
Etter at ein har fila eller fresa, er der sjølvsagt mykje verktøy til å pusse over med. Til dømes kan ein feste diverse former for smergelpapir på ein gummiholdar. Ein mandrill er laga for utskiftbare verktøy. Ulike typar gummi er tilpassa alt frå grovslip til nesten polering. Dei kjem i forskjellige former slik at ein skal kunne komme til over alt.
Slipeverktøyet er mykje likt det same som pusseverktøya. I tillegg til gummi kjem der også inn former for filt og børstar som ein festar på mandrillen. Dei kan settast inn med slipepasta i forskjellige grovleikar. Ha ein til kvar sort. Ein kan også bruke rondellar av stiv papp innsett med slipepasta. Desse lager ein lett sjølv.
Silikonskiver og -kjegler er laga av silikon iblanda slipemedium. Dei har god haldbarheit ved bruk og kan òg slipast til slik at dei passar til delen av smykket ein skal slipe. Det er viktig å bruke støvmaske! Silikonstøvet som oppstår ved bruk, er svært skadeleg å puste inn.
Polerverktøy
Polerverktøyet er mykje likt det som blir brukt på polermaskina, men i miniatyrversjon. Ein har skiver av garn, stoff og filt som blir sette inn med polerpasta. Storleiken gjer at ein kjem til for å polere nesten over alt.
Hengeboremotor og mikromotor passar ikkje til å polere større gjenstandar. Det er vanskeleg å få heilt jamne glans med så små polerfiller, og det vil bli ujamne skuggar på dei større flatene.
Børstar, filtskiver og filtkjegler blir nytta til å slipe og polere arbeidet med. Børstane treng slipe- eller polervoks. Det er derfor viktig å ha på nok voks for å få eit bra resultat.
Fatteverktøy
Der er også handstykke som er spesiallaga for å fatte. Handstykka har ein innebygd fattehammar som kjem med forskjellige styrker og spissar.
Fattehåndstykke til hengeboremotor overfører rotasjonen til eit stempel som går ut og inn.