Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Syrer

Syrer

  • smaker surt
  • pH-verdi mellom 0 og 7
  • etsar uedelt metall
  • lakmus blir farga rød av syre

Bruksområde 

etsing av metall – til dømes for å lage ei dekorativ overflate eller for å løyse opp uønskt metall som eit knekt bor i arbeidstykket

som beis – ein kraftigare form for syrekok. Ein kan beise før emaljering for å få ei heilt rein overflate fri for oksid

som flussmiddel ved lodding, som middel for å reinse sandstøyp for sandrestar og for å fjerne emalje. Flussyre er basert på svovelsyre og løyser opp silikat og glas

elektrolysebad – rhodineringsbadet er surt, mens forsølvingsbadet er svakt basisk

Sikkerheit, bruk og oppbevaring

Når du handterer syrer, er verneutstyr viktig. Bruk vernebriller, maske, hanskar og forkle. Får du syresprut på kleda, vil det etse hol og øydelegge dei. Ved fortynning i vatn får nokre syrer ein eksoterm reaksjon som frigir varme. Om du heller vatn i konsentrert svovelsyre, vil varmeutviklinga føre til at syra koker og spruter ut over behaldaren. Syre må derfor alltid blandast i vatn under omrøring. Syrer skal vere låst inne i eit godkjent giftskap med avsug.

Vatn i syre er uhyre
Syre i vatn går an

Helseskade

Fordi syrer har ulik styrke, er ikkje alle like farlege. Du kan bruke sitronsyre til syrekok for å reinse smykket etter lodding. Den vil ikkje gi store skadar på huda. Dei syrene vi skal vere ekstra forsiktige med, er svovelsyre, salpetersyre, saltsyre og flussyre. Desse har vore mye brukt i gullsmedfaget. Sjølv om ein har tatt i bruk andre og sikrare produkt, kan dei framleis finnast på verkstaden.


Eksempel på kjemisk forbrenning.

 

Kontakt Helsefare Førstehjelpstiltak
Ved innanding
  • gir svie, hoste og pustevanskar
  • kan føre til bevisstløyse
  • kan føre til lungeskadar
  • ved bevisstløyse, legg pasienten i stabilt sideleie

  • KONTAKT LEGE

Ved svelging
  • alvorlege brannskadar
  • brekkingar
  • magesmerte
  • sjokk
  • nyreskadar
  • gi pasienten rikeleg med vatn
  • pasienten får ikkje brekke seg eller kaste opp
  • KONTAKT LEGE
Ved hudkontakt 
  • alvorlege etseskadar
  • svie og sår
  • skyl eksponert hud grundig med vatn
  • fjern tekstil som er ureine
  • vask med såpe og vatn
  • KONTAKT LEGE
Ved kontakt med auget
  • alvorlege etseskadar
  • blindskap sjølv av svake konsentrasjonar
  • svie og smerter
  • skyl auget kontinuerleg med vatn

  • KONTAKT LEGE

 

Migrated