Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Kjemikalier

Sjølv om ein arbeider med å erstatte giftige produkt med mindre skadelege alternativ, finst det framleis produkt ein må handsame med største varsemd. For giftige produkt blir framleis nytta i framstillinga av gullsmedvarer. Det gjeld spesielt i behandlinga av overflater og reinsing av metall.

Kjemikaliar skal oppbevarast i eit tørt, låst skap med god ventilasjon ut til friluft. Kvart kjemikalie skal ha eit databladse produkt-/ sikkerhets datablad. som fortel om produktet, oppbevaring, bruk og helsefare. Helse, miljø og sikkerheit er viktige moment å tenke i all bruk av kjemikaliar. 

Det er viktig at alle i verkstaden er kjend med dei forskjellige faresymbola. Ein må raskt kunne identifisere kva kjemikaliar ein jobbar med og kva skadar desse kan valde. Då kan ein ta i bruk rett verneutstyrUtstyr som beskytter kropsdeler mot slag, kjemikalier og varme. Hjelm, vernebriller, skinnforkle, øreklokker mm for å unngå korte eller langvarige skadar. Orange faresymbol var i bruk fram til 1.juni 2015 vil i ein overgangsfase brukast saman med dei nye internasjonale symbola.

Faresymboler som gjelder fra og med 2015

Oppdatert plakat til nedlasting finst her.

Om eit produkt har eit varselsymbol på etiketten, kan det vere skadeleg for helsa eller miljøet (sjå sikkerhetsdatabladEt skriv som beskriver et produkt, hvordan det skal oppbevares og farer tilknyttet produktet. Databladet skal også beskrive førstehjelp-tiltak ved kontakt med produktet.). Først og fremst må ein innarbeide gode rutinar med å lese og lagre sikkerhetsdatablada som følger med dei helseskadelege produkta. Alle som har eit varselsymbol, skal leverast med sikkerhetsdatablad. Det skjer ikkje alltid. Til dømes sel butikkane mange hushaldningsprodukt der det skulle ha følgt med eit sikkerheitsdatablad. I praksis blir det for tungvint for butikkane.

Til dømes er salmiakk og klor to svært giftige produkt for både helsa og miljøet. Om du blandar desse to, dannar det seg ein giftig gass, kloramin. Andre produkt er løysemiddel, lim, aceton og tokomponent herdarar. Lista er lang. Er du i tvil om kor skadeleg produktet er, kan du be om sikkerhetsdatablad frå produsenten, importøren eller distributøren.

Denne videoen gjer ei fin innføring i syrer og baser.

Migrated