Ein brukar uthoggarsetta til å slå hull i metallplater eller til å slå ut rondellar/rundingar. Forskjellen er kva ein ser på som hovudprodukt, plata eller rondellen.
Uthoggarsettet består av ein metallblokk i tre plan. Dei to øvste har hol som passar akkurat til uthoggarane. Uthoggarane er stålstavar med ein flat og skarp hoggeflate på den eine sida, og ein flat slagflate med avrunda kantar på den andre.
Plasser metallplata mellom første og andre plan under den storleiken du ønsker. Slå ned uthoggaren gjennom plata med ein tung hammar. Prøv å bruke berre eitt slag.