Gullsmedane bruker ei handfull forskjellige boremaskiner til ulike oppgåver på verkstaden. I hovudsak nyttar ein maskinene til å bore hol og frese vekk uønska metall for å forme til emnet. På ein del modellar kan ein bytte ut handstykket og bruke andre typer verktøy som til dømes fattehammar.
Handboremaskin
Handboremaskin blir i dag hovudsakleg brukt til å tvinne trådar. Den blir også mykje brukt saman med riglar til å rigle øskensmå metallringer laget av tråd. Fordi den ikkje bruker straum,får ein god kontroll over kor mykje ein behandlar metallet, og kor hardt ein tvinnar trådane.
Ein elektrisk drill blir brukt til det same som handboremaskina. Den får gjort jobben raskare, og det er ikkje så tungt for henda å jobbe med den. Men den er også større, meir klumsete og avhengig av straum eller batteri for å verke.
Søyleboremaskin
Søyleboremaskina brukast til å lage større hol eller å bore hol i perler og liknande. Det er ein støre og kraftigare boremaskin som kjem i ulike storleikar. Motoren er fastmontert på eit tungt og stabilt stativ eller søyle. Maskinene har som regel eit justerbart støttebord. Chucken der ein festar boret, sit loddrett og gjer god kontroll over arbeidet. Ein spak gir moglegheit til å senke chucken.
Hengeboremaskin
Boremaskina som ein nyttar seg mest av, er antakelegvis hengeboremaskina. Den er utstyrt med ein bøyeleg akselslange frå motoren til handstykket, og ein fotpedal til justering av fart. Handstykket let ein feste og handtere alt verktøy som småfresar, bor og grovt og fint slipeutstyr. Hengeboremotoren er kraftigare enn ein mikromotor, men likevel ikkje eit verktøy for store, tunge boringar. Til det bruker ein søyleboremaskina.
Mikromotor
Mikromotoren utfører det same arbeidet som hengeboremaskina. Den har valfri pedal eller moglegheit til å stille hastigheita på moderboksen. I staden for ekstern motor sit det ein liten børstemotor inne i handstykket med berre ein leidning til moderboksen. Det gjer at handstykket er enklare å føre med presisjon. Mikromotorar har ikkje same krafta som ein hengeboremaskin og tåler ikkje same belastninga. Køyrer ein mikromotoren for hardt, vil den bli øydelagd og kan ta fyr.