
Ultralydbad er eit kar med væske og ultralyd. Væska består av ei såpeblanding og vatn. Ultralyden blir sendt via sonder igjennom badet for å slå laus fett, skitt og poleringsmiddel frå gjenstandar.
Ein får kjøpt spesialsåpe, men mange bruker berre zalo og salmiakk. Ulempa er at ein ikkje kan vaske perler og nokre feitthaldige steinar.
Badet har ei innebygd varmekolbe som kan stillast inn til ein fast temperatur mellom 60 og 80 °C. For å oppnå eit raskt og godt resultat, kan ein henge gjenstandane på eit stativ, dyppe dei ned i væska og føre dei fram og tilbake medan ultralyden er på.