Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Støyp

Moderne vakunstøpemaskin i kompakt design

Det er mange måtar å støype på. Slyngestøyp og vakuumstøyp treng maskiner.

Ein har laga voksmodellar på førehand. Dei festast til ei voksstamme som greinene på eit tre. Treet plasserast i ei metallsylinder. Ein heller på gips, let det størkne og varmar opp sylinderen til voksen smeltar og renn ut. Då sit ein igjen med ei gipsform.

Slyngestøyp er ein oppspent slynge. Gipsforma festast i enden. I senter heller ein flytande metall. Når ein utløysar slynga, vil G-kreftene trykke metallet inn i alle delane av gipsforma der voksmodellane var.

Til vakuumstøyp bruker ein også gipsformer. Då er det ei vakuumpumpe som syg ut lufta igjennom gipsen. Når ein heller det flytande metallet i forma, vil lufta trekke det med seg ut i alle delane av den.

Meir om støyp

 

Migrated