Der er mange forskjellige versjonar av ringstrekkarar. Dei fungerer stort sett etter det same prinsippet.
Ein set ringen på ein kon trinse. Den deler seg opp i fire og strekker ringen ut. Andre presserMaskiner som brukes til større produksjoner, som oftes sparkepresser og hydrauliske presser med utskiftbare kappe- eller stanseverktøy. De er til å prege og kappe ut for eksempel bestikk, pint, små knapper eller deler til lysestaker og tekanner. ringen nedover ein dor til den har fått tiltenkt storleik. Hugs at materialet blir tunnare. Nokre maskiner har også verktøy til å forminske storleiken. Då blir ringen pressa inn i ei kona form. Ingen av prosessane bør gjerast med ringar som har innsett stein. Det vil knuse steinen. Ein bør heller ikkje strekke ut ringer som er lodda. Det utset loddinga for så mykje belastning at den ofte sprekker opp. Innimellom bør ringen glødast for å få ut spenninga. Ringstrekkarar må ein skru godt fast i benken. Då held den seg stabil når ein bruker han.