Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Underlag til hamring

Ambolten er underlaget vi bruker til å smi på. Den er eit typisk benkeverktøy som finst i mange variantar.

 

Fundament

Kva dei store amboltane står på, har mykje å seie for effekten ein får ut av kvart slag.Det krev meir arbeid og energi å smi på ein laus ambolt enn på ein med eit stabilt og fast fundament. Plasser difor alltid amboltar på ein trestubbe eller over eit bordbein som ikkje gjer etter, men står imot slaga. Også trestykke blir nytta som underlag til hamring.

 

Brettstanse

Brettstansa er den vanlegaste ambolten på verkstaden. Kvar person har gjerne ein på benken sin. Stansa er eigentlig berre ein firkanta og blankpolert stålplate. Ho er ofte 20–30 mm høg og 80 x 80 mm brei. Nokre har ei hard gummiplate under for at ikkje stansa skal lage merke i benken.

Brettstansa er nyttig til små smiarbeid på arbeidsbenken, som å hamre ut ein liten metallbit eller lage spissar til diverse. Brettstansa brukast også til underlag ved klinking og stempling. For å verne stempla bør ein ha ein messingplate eller liknande mellom arbeidsstykket og stansa.

 

Ambolt

Ein typisk ambolt er ein jernkloss med ein stor og solid kjerne, flat bane på midten og horn på sidene. På arbeidsbenken har vi gjerne små i herda stål. Amboltane kjem i mange storleikar og variantar, alle til kvart sitt bruksområde.

Den tradisjonelle ambolten har ein kropp  og to kona horn på kvar si side. Det eine hornet er firkanta med rette kantar, det andre er avrunda. Kroppen er massiv og flat på toppen. Den flate delen heiter bane, det same som flata på hammarhovudet. Det er viktig at bana og horna er polerte opp slik at metallet flyter best moglig utover når det  blir smidd. Det må heller ikkje komme rusk eller støv imellom medan ein jobbar med metallet. Det kan lage stripe i ei av banene og vil bli slått inn i metallet kvar gong hammaren slår.

Horna brukast til å forme metallet. Naturlig nok bruker ein det avrunda hornet for å smi buar og ringar. Kantane på ambolten blir brukt for å smi kantar og hjørne. Dei skal vere skarpe, men ikkje så mykje at dei vil skade arbeidsstykket når ein jobbar med det. Det kan vere greitt at ein del av kanten er avrunda slik at ein kan bøye metallet på den.

Nokre amboltar har eit firkanta hol til å feste verktøy i. Ein kan bruke mange forskjellige, som til dømes baner med ulike kurver.

 

Faffer

Faffer er ein liten høgglanspolert ambolt satt på ein metallstav. Den settast fast i ein solid skrustikke eller i eit tilpassa hol i ei trestubbe, ein større ambolt eller eit anker. Fafferen blir som regel brukt av korpusarbeidarane. På toppen av staven gir ambolten det slagpunktet ein treng for å smi eller drive metallet. Samtidig kan ein manøvrere arbeidet utan at det er hindringar i vegen.

 

Knurrer

Knurrer er også ein ambolt som er montert i enden av ein stålstav. Den brukast når ein skal jobbe frå innsida av korpusgjenstandar. Stålstaven skal ligge vassrett ut frå benken eller skrustikka. I staden for å slå på
gjenstanden og ned mot ambolten slik som med fafferen, trer ein gjenstanden inn over knurreren og slår på
stålstaven. Vibrasjonane gjer at ambolten på knurreren smir ut metallet frå innsida.
 

Anke

Anken er ein metallkube med forskjellige polerte spor og hol i. Det kan vere skarpe V-former eller meir avrunda halvkuler. Dei blir brukt til å forme og bøye metall. Nokre har også spor til å sette faffer i.

RilleankeGullsmedverktøy, metallkloss med utfreste spor fra den ene enden til den andre. Halvrunde, trekantformet eller kone, brukes til å slå opp tilsvarende former på platemateriale. er ein stålplate eller metallkube som har sylinderforma spor i seg. Den brukast til å gi metallet ei bua form. Rilleanke er ofte brukt saman med gummiklubbe og tilpassa sylindrar i metall. Ein kan også nytte bakstykket på eit knoppstempel. Ein legg sylinderen oppå metallet og slår med klubba.

Knoppstempelet er ei polert metallkule som sit i enden av ein metallstav. Dei kjem i storleikar frå 2 mm til 54 mm. Knoppstempla har ulike bruksområder, til dømes til heving og senking av metall under siseleringDekorering av metallarbeid med punsel og hammer.. Som regel brukast det til å lage skåler og halvkuler saman med ein pokelanke.

Pokelanken er ein firkanta kube eller plate med polerte groper i overflata. Gropene går gradvis frå store til små, til dømes frå 2 mm til 32 mm. Rilleanke og pokelanke kan kombinerast i ein felles kube eller ei stålplate.
 

Tre

Trestykke i forskjellige former blir brukt til ein del teknikkar, til dømes når ein skal drive opp ei skål eller bukkebøye tråd og plate ei plate. Trestubbar er gode og harde underlag sidan ein har flata på tvers av fiberretninga i treet. Tresorten har mykje å si. Blautt tre vil gi mindre effekt sidan det gir mindre motstand enn hardt tre. Av og til vil ein ikkje ha så store verknader på metallet, men berre justere litt. Då kan det vere nyttig med eit treslag som til dømes furu.

Migrated