Lyset har mykje å seie for konsentrasjonen og arbeidsmiljøet. Kunnskapar om samspelet mellom lyskjelder og generell lyssetting er ein viktig del av HMS-arbeidet.
Om sommaren kan sollyset vere godt nok som arbeidslys. Ein må likevel innreie arbeidsplassen med tilstrekkelig kunstig lys til å utføre dei arbeidsoppgåvene som skal gjerast. Ein 40-åring treng dobbelt så mye lys som ein på 20. Ein på 60 treng seks gonger så mye.
Lyset blir fordelt med forskjellige styrker etter kva arbeidsområde ein skal dekke. Det har mykje å seie for komfort, sikkerheit og på kor godt ein ser og oppfattar arbeidet. Det igjen har innverknad på effektiviteten.

Lysstyrken bør bli auka der:
- Nøyaktigheit er viktig
- Arbeidaren er svaksynt eller langsynt
- Detaljane og kontrastane er små
- Arbeidsoppgåva tek lang tid
- Auga fokuserer lenge på same avstand
Dette beskriver dei aller fleste gullsmedane sine arbeidssituasjonar. Nokre områder treng ikkje sterkt lys:
- Der ein har få og store detaljer
- Kontrastane er sterke
- Arbeidsoppgåva er raskt utført
- Enkelte former for synshemming
Dårleg arbeidslys kan føre til plager som:
- Hovudverk
- Nakke- og ryggsmerter
- Smerter og ubehag i auga
- Trøyttleik
- Redusert produktivitet
- Misnøgd med egen innsats
- Utilfreds med arbeidsmiljøet