Ergonomi handlar om å bruke kroppen riktig. Arbeidsstilling, inventar og verktøy har alle innverknad på helsa. Verkstaden må innreiast slik at alle kan jobbe ergonomisk. Så langt det er mogleg, må ein unngå tungt arbeid og uvanlege rørsle. Gullsmedar sit mykje og treng å røre på seg og variere arbeidsstillinga med jamne mellomrom.
Stolen
Mange gullsmedar sitter store delar av dagen. Stol og sittestilling er difor viktige for å unngå skadar og auke trivselen. Stolen bør ha korsryggstøtte. Om den kan regulerast i høgda, er det fint med ein fotskammel som følgjer stolen opp og ned.
Sittehøgda er viktig når ein skal tilpasse stolen:
- Begge fotsolane skal ha full kontakt med golvet eller fotskammelen
- Hofta skal vere litt høgare enn knea. Den ideelle forskjellen er 3 cm
- Om vinkelen på setet kan justerast, bør den skråne svakt framover. Då er den med på å heve låra litt over knea.
- Om stolryggen kan justerast, bør den først og fremst støtte opp i korsryggen. Den finner ein ved at ein legger hendene på hoftekammane og fører dei horisontalt bakover mot ryggen. Korsryggen er der henda møtast.
- Har stolryggen svai litt nedanfor midten, skal den delen passe med korsryggen. Har stolen berre ein liten ryggstøtte, gjer denne størst nytte i korsryggen.
Sittestilling
Sitt med ryggen mest mogleg loddrett. Noko av det viktigaste ein bør passe på, er å sitte med senka avslappa skuldrer. Hugs på at det er bra med variasjon i løpet av arbeidsdagen. Difor er det lurt å legge opp oppgåvene slik at ein får gå rundt på verkstaden og jobbe i forskjellige stillingar gjennom arbeidsdagen. Iblant kan ein sitte tilbakelent eller ha beina opp på ein krakk eller kasse. Men bli ikkje sitjande slik for lenge om gongen.
Lat auga få kvile litt ved å flytte blikket vekk frå arbeidsstykket av og til. Se gjerne ut av vindauget på eit punkt langt unna. Også musklane i auget treng å tøyast ut.
Her ser du eksemplar på korleis ein bør sitte foran skjerm:
Foto: @Per Ervland
Foto: @Per Ervland
Foto:@Per Ervland
Arbeidsbenk
Arbeidsbenken må tilpassast til arbeidaren sin høgde for å unngå slitasjeskadar. Ein kan gjere mykje av denne tilpassinga med ein god stol framfor å endre for mykje på benken. Nokre har også ein som dei kan heve og senke.
Belastningsskadar
Arbeidet i verkstaden kan forårsake store skadar om ein ikkje passar på. Det er viktig å vere bevisst på korleis ein bruker kroppen. Om ein innarbeider gode rutinar frå starten av, unngår ein sjukmeldingar og ein nedbroten kropp i framtida. Belastningsplagar har ein lei tendens til å komme tilbake gang på gang. Vedvarande overbelastning kan føre til kroniske plagar. Difor må ein vite korleis ein unngår dei!
Skadane oppstår når vevet i musklane blir belasta på feil måte eller over lang tid. Ofte skjer det når ein sitter eller står og jobbar lenge i ugunstige stillingar. Då blir vevet øydelagt raskare enn det klarar å gro. Det fører ofte til senebetennelsar, skiveutgliding og prolaps. Heller ikkje auga har godt av å konsentrere seg om korte avstandar over lang tid.
Skadane oppstår vanlegvis ved:
- Hardt fysisk kroppsarbeid med tunge lyft
- Statiske, gjentakande og einsidige arbeidsoperasjonar
- Ugunstige arbeidsstillingar som er uheldige for kroppen
- Arbeid og arbeidsmiljø som kan gi forskjellige stressreaksjonar
- Langvarig eller gjentakande arbeid over skulderhøgde eller under knehøgde
Ein gullsmed blir utsett for dei fleste av desse. Difor er det viktig å ta grep for å forhindre skadar så snart ein byrjar på skolen eller kjem i jobb. Ikkje vent til det begynner å gjere vondt!
Les mer: Hvordan unngå slitasjeskader
Uttøying
Statiske og gjentakande rørsler spenner musklane. Det er mykje statisk belastning på armen som held arbeidstykke. Etter lange periodar med konsentrert jobbing, kan du oppdaga at skuldre, rygg og bryst har spendt seg og pusten er blokkert. Ein må difor løyse opp og strekke ut skuldrene, handledd, underarmar, nakke og rygg. Då vil ein kunne førebygge ein del skadar og sjukdom.
Det kan vera ein fin rutine å gjera nokre enkle øvingar for å strekkja musklar og få blodsirkulasjonen i gang i løpet av dagen. Har du høvet til å hengja opp eit sett turnringer på verkstaden, er dei fine for litt styrketrening for å få blodsirkulasjonen i gang eller tøying ved å hengja seg opp i dei. Når dei ikkje er i bruk, kan dei lett hektast inntil veggen.
Spesielt nakke, rygg og armar er utsett i gullsmedyrket og du kan bruka same strekkeøvelser som vert tilrådt for alle stillesittande yrker. Dei tek berre nokre minutt og kan forbetra kvaliteten på arbeidskvardagen.