Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Rutiner

Ikke all rot er kreativt rot (bilde: Scott Schreiber)

I ein gullsmedverkstad har ein hand om store verdiar i form av små steinar og smykkedelar. Dei er tidkrevjande å lage. Å ligge på alle fire og leite etter den 0.50 carat steinen som falt ned på golvet, blir sagt å vere den vanlegaste gullsmedhobbyen. Er det reint og ryddig rundt deg, bruker du mindre tid på hobbyen og meir tid på arbeidet.

Ein rein og ryddig verkstad gjer eit sikrare og betre arbeidsmiljø. Nokre likar å halde orden på arbeidsbenken og legger verktøya tilbake på plass etter bruk. Andre vil ha alt innan rekkevidde heile tida. Begge delar er heilt i orden. Derimot er det viktig at fellesareal alltid er ryddig, og at verktøya er i orden og på plassane sine. Det vil alle spare mykje tid og irritasjon på. Verksemda blir også meir lønsam.

Kjemikalierestar og støvete luft er orsak til skadar. Difor bør verkstaden reingjerast ein gong i veka. Område med søl etter kjemikaliar bør vaskast oftare og etter behov. Støv har lett for å samle seg opp. Det unngår ein mykje med god ventilasjon. Golva bør kostast for å fange opp så mykje materialrestar som mogleg. Ha ein dråpe Zalo i vaskevatnet til benken og golvet. Det bryter spenninga i overflata, slik at sjølv det minste gullstøvet søkk til botnen. Ta vare på slammet og send det til raffineringGjenvinning av metaller gjennom mekaniske, kjemiske og elektrolytiske prosesser til rent finmetall som benyttes igjen..

Om ein bruker støvsugar, bør ein brenne posen og innhaldet for å få ned volum og vekt. Resten sendast til raffinering. Har du mista steinar eller perler, kan det lønne seg å gå gjennom posen før brenning.

Behandling, lagring og vedlikehald av verktøy

Ein handverkar er ikkje betre enn verktøyet sitt. Ta godt vare på det. Søl av vatn og kjemikaliar gjer at verktøya rustar. Ein fil eller pinsett som får flussmidel eller syre frå koken på seg, må skyljast av med ein gong. Tørk dei godt med ein handduk.

Metallverktøy som ikkje brukast så ofte, bør ein sette inn med symaskinolje eller liknande. Ei tynn hinne med olje beskyttar verktøyet frå å ruste.

Får ein hakk eller striper i baner på hammar eller amboltstål-underlag ved smiing, bør ein straks slipe det slik at ein får ein jamn og feilfri flate. Held du verktøya i toppstand og klart til bruk, unngår du å lage unødige skadar i arbeida dine.

 


Også valsa treng vedlikehald. Ha på eit tynt oljelag på bommane når du setter den frå deg. Pass på at den ikkje får vatn eller kjemikaliar på seg. Då må den tørkast og få ny olje. Ryst på valsa er like ille som ein hammar med hakk i. Ein skada valsebom lager merke i alle produkt som den valsar.

Filene bør reingjerast etter behov. Etter kvart som dei blir brukt, vil ein sjå at det klumpar seg opp metall i nokre av tennene. Klumpane vil lage striper i produktet ein jobbar med. Bruk ein filbørste eller ein 1 mm tjukk kobberplate eller messingplate for å fjerne dei. Let kanten skubbe på tvers av fila parallelt med radene med filtenner. Det gjer heller ingenting om ein vaskar fila i ultralyden av og til, så lenge ein passer på å vaske og tørke den godt etter på.

Pass på at filer ikkje ligger i ein klump i skuffen eller i lærduken under pulten. Då vil dei sløve kvarandre. Det gjelder også fresar, stiklar, polerjern, punslar, hamrar og anna verktøy som ein vil halde kvasse eller skrapefrie. Eitt tips er å legge filane anna kvar veg i skuffen og ha eit stativ til fresane.

Migrated