Ein gullsmed trenger ein verkstad å jobbe i og ein arbeidsbenk å jobbe på. Det er her edelsmedar oppheld seg store delar av dagen. For dei som vel yrket som ein livslang karriere, er det her ein faktisk tilbringar store delar av livet sitt. Det er derfor viktig å bygge opp ein solid verksemd med gode arbeidsrutinar og omsyn til helse, miljø, trivsel og sikkerheit – også kalla HMS.
Det er alltid nyttig med mykje plass i verkstaden i tillegg til sjølve arbeidsbenken. For å få ein trygg arbeidsplass og eit best mogleg resultat på arbeidet, er det viktig at arbeidsflata er stabil. Større verktøy som ringtrekkar og sylinderboremaskiner bør skruvast fast til benker. Festet gir mindre vibrasjon når ein jobbar på dei og forhindrar at ting veltar og fell over ein.
Lagerrom, benker og skap med skuffer og hyller er greie lagringsplassar for verktøy, materiale og andre produkt. Sørg for eit tørt, låst skap med god ventilasjon til oppbevaring av kjemikaliar.
Golvet på verkstaden bør vere flatt og glatt. Det er lettare å gjere rent og å finne igjen gjenstandar som ein mistar. På eit ujamt golv legger metallspon og steinar seg i fordjupingane. På betonggolv kan ein gjerne bruke epoxy, linoleum eller liknande golvbelegg. Ein fordel er at dei er litt mjuke og vil skåne gjenstandar som detter i golvet, frå å få slått inn hjørne og få stygge merker.
Verkstaden bør ha god ventilasjon og innlagt vatn. Koken/syra og ultralyden kan gjerne stå på ein kjøkkenbenk med vask. Ein treng også eit glas eller ein bolle med vatn til å kjøle ned gjenstandar, og ein annan til å vaske deii. Brannslokkingsutstyr er obligatorisk i tilfelle noko tek fyr eller liknande. Ha gjerne ei bøtte med vatn ståande for sikkerheits skuld.
Arbeidsbenken er den primære arbeidsplassen til edelsmeden.
Arbeidsbenken
Arbeidsbenken er den primære arbeidsplassen til edelsmeden. Her har ein alt det viktigaste som spesialtilpassa verktøy og dei produkta og ideane ein jobbar med. Arbeidsbenken er privat, ein rotar ikkje i andre sine benkar. Det er viktig at benken står stødig og er stabil. Den kan gjerne skruvast til veggen. Ein kan kjøpe ferdige arbeidsbenkar eller bygge den sjølve. Benkeflata bør vere av hardt treverk eller anna materiale som ikkje brenner lett. Å ha godt arbeidslys er ein sjølvsagd ting. Dagslys er det beste lyset ein får, og plasser gjerne benken mot ein vegg med vindauge. Ein bør også ha godt taklys og ein bevegeleg lyskjelde på pulten.
Gullsmedbenken har vanlegvis ein halvsirkel skore ut i fronten. I midten av buen sit sagfjøla eller filnagelen som midpunkt i benken. Den støtter og er underlag for stykket vi jobbar på mens vi sagar, filar og smerglar. Under er det festa ein lærlomme eller skuffe for å fange opp sagspon, filspon og metallbitar som fell ned under arbeidet. Ein god arbeidsbenk har gjerne ein eller to rekker med skuffer til verktøy som er tilgjengeleg når ein sitter der og arbeidar.
Sagfjøla kan ein enkelt lage sjølv ved å sage eit V-forma hakk i ein fjøl. Saging skjer vanlegvis på ein flate som går vassrett i høgd med bordflata. Ein filnagel har også ein helling nedover. Nokre er flate på eine sida og skråna på den andre, slik at det berre er å snu fjøla etter behov.
Ein rekke små verktøy brukast mykje. Sag, filer, tenger og nålefiler, smergelstikker, båra, fresar, pinsettar, hamrar, dorar og anna handverktøy er kjekt å ha lett tilgjengeleg. Dette oppbevarer ein gjerne i skuffer, på knaggar og på stativ på benken.
Eit stativ til hengebormotor er også vanlegvis montert på eller ved pulten. Om det er mogleg, kan ein løysning vere å feste den i taket. Den monterast hengande utan å vere i kontakt med anna enn ein kjetting eller tau til stativet. Finn ut kva side som passer for den som skal sitte på pulten. Det kan vere vanskeleg å jobbe presist om den er på feil side. Stadig fleire brukar børstemotor i staden for eller i tillegg til hengebormotorar. Dei må også plasserast slik at ein lett kjem til for å justere innstillingane og får eit godt grep om handtaket.
Lodding på arbeidsbenken
Det bør være mogleg å lodde på arbeidsbenken. Benken bør ha opplegg til gassbrennar. Gassrør frå flasker på utsida av huset er en sikker, men dyr løysning. Alternativet er ein liten gasstank under pulten. Vel den sida som passar best med omsyn til kva ein likar best.
Ein kan ha eit område med loddeplater eller liknande som tåler varme og flammar. Ein loddekarusell er ein loddeplate som kan dreiast på. Flussmiddlet bør vere tilgjengelig her. Nokre gongar kan det vere greitt å ha ein annan loddestad enn arbeidsbenken for å unngå flussmiddel og liknande søl på benken eller verktøyet. Til dømes treng korpusarbeid ein egen loddeplass med større flamme og loddekarusell. Uansett bør loddeplassen ha god ventilasjon med avsug eller kolfilter ein kan justere for å få vekk gassar og fordampingar. Under lodding blir det frigjort gassar frå flussmiddel, andre materiale og frå loddepistolen i seg sjølv. Dei bør ikkje innandast.
Større verktøy
Ein god og kraftig skrustikke bør festast godt i benken rett over eitt av beina. Det vil gje god støtte og absorbere støt når ein skal smi eller gjere nokon form for hammararbeid. Ein får også best mogleg effekt ut av hammarslaget, sidan ein unngår eit sviktande eller vibrerande underlag.
Dei fleste gullsmedar har ein eller annan form for amboltstål-underlag ved smiing. Dei varierer i storleik og form, men har alle til felles at dei brukast til å smi og forme metall. Det er viktig at ein ambolt står stødig og ikkje på ein flate som vil bøye seg, vibrere eller gje etter for slag. Mange bruker ein stor og stabil trestubbe som underlag.