Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Verkstedet

En av Olduvai-steinane. Frå The British Museum si utstilling A History of the World in 100 Objects.
Can we be human without objects?
 Frå The British Museum si utstilling A History of the World in 100 Objects

Sitatet viser til Olduvai-steinane, enkle hugge- og skrapeverktøy som er datert to millionar år tilbake. Steinane blir rekna for å vere dei første reiskapane i menneskeslektas verktøykasse. Oppfinninga av desse verktøya blir oppfatta som eit av dei viktigaste augeblinkane i menneskas historie. Dei fortel oss om byrjinga på reisa til å bli jordas mest suksessfulle pattedyr.

Etter oppfinninga av dei enkle reiskapane har vi stadig forbetra verktøya og teknikkane for å bruke dei. For 8000 år sidan lærte vi oss å arbeide med metall. Gjennom hundreåra har vi lagt etter oss ei uavbroten linje med små tidskapslar i form av reiskapar og prydgjenstandar i metall. Dei fortel om kulturutveksling og utviklinga av samfunna og teknologien. 

Gullsmedane har til alle tider tatt i bruk samtidas teknologi. I tillegg har dei ført vidare dei tradisjonelle teknikkane. Dei flottaste arbeida blir i dag laga på same måte som i ein gullsmedverkstad på 1700-talet – for hand og med verktøy som har forandra seg lite dei siste 300 åra. 

Når vi går inn i verkstaden, finn vi verktøy som kan kallast "levende fossil" likestilt med dei nyaste laser- og CNCComputer numerical control, datamaskinbasert numerisk styring. Maskiner som datastyres og brukes i produksjon av produkter-maskinene. Om ikkje verktøya kan bli spora like langt tilbake som Olduvai-steinane, vil både ein renessansesmed og antikkens metallarbeidar likevel kjenne igjen svært mykje i ein moderne verkstad.

Migrated