
Eit sikkerhetsdatablad skal følgje med aller kjemikalier. Om det manglar, må du finne ut kven produsenten er eller kva firma som selde produktet. Dei er etter norsk lov pliktig til å utlevere databladet.
Datablad skal stå i ein HMSForkortelse for Helse, Miljø og Sikkerhet. Grunnprinsippene i Arbeidsmiljøloven for å sikre trygge og miljøvenlige arbeidsforhold.-perm i verkstaden. Dette stoffkartoteket bør vere lett tilgjengeleg. Om det skjer ein ulykke, må ein lett kunne slå opp på kjemikaliet. Alle bør til ein kvar tid kjenne til riktig førstehjelp for dei farlegaste stoffa. Arbeidsgiver pliktar å gi dei tilsette opplæring i bruk og forståing av datablada. Arbeidstakar pliktar å nytte seg av desse for aktivt å førebyggje miljø- og helseskadar.
Før ein begynner å bruke eit produkt, skal ein setje seg inn i databladet. Det vil inneholde 16 punkter, hvor flere ikke er viktige for et gullsmedverksted. Det er viktig å vite hva du skal se etter i et sikkerhetsdatablad og hvilken informasjon som er rellevant for ditt bruk. Det er også viktig å sørge for at nødvendig verne- og førstehjelpsutstyr er tilgjengelig. Sikkerhetsdatablada følger ein lik standard. Uansett kva for eit produkt det gjeld, står den aktuelle informasjonen under dei same punkta. Får du til dømes stoffet i auga, finn du raskt førstehjelpstiltak under punkt 4.
- Identifikasjon av kjemikaliet og ansvarleg firma
Viser kven som er produsent, importør og seljar, og som kan gi meir informasjon om varen.
- Samansettinga til stoffblandingane og klassifiseringa av stoffa
Viser piktogram, skadeverknadar og krav til verneutstyrUtstyr som beskytter kropsdeler mot slag, kjemikalier og varme. Hjelm, vernebriller, skinnforkle, øreklokker mm ved bruk.
- Viktigaste faremoment
Viser samansettinga til stoffet, og kva for ein risikoklasse det har.
- Førstehjelpstiltak
Punkt 4 er det viktigaste punktet å sette seg inn i. Forskjellige stoff har ulike førstehjelpstiltak. Nokre av tiltaka kan vere skadeleg for den som utfører hjelpen. Ved ei forgifting kan til dømes munn-til-munn-metoden forgifte den som gir kunstig anding til den skadde.
- Tiltak ved brannsløkking
Fortel korleis kjemikaliet skal handterast ved brann. Det står òg kva for brannsløkkingsteknikkar ein skal bruke, til dømes vatn, skum, CO2 eller andre.
- Tiltak ved utilsikta utslepp
Informerer om handteringa av brukte kjemikalium og korleis dei skal destruerast, samt verneutstyr under handteringa.
- Handtering og oppbevaring
Forklarer korleis kjemikaliet skal oppbevarast. Nokre skal ikkje oppbevarast i same rom eller skap som syrehaldige væsker eller andre kjemikalium. Cyankalium er eit slikt giftig kjemikalium som ikkje må komme i kontakt med syrer, heller ikkje sitronsyre.
- Eksponeringskontroll og personleg verneutstyr
Forklarer meir utfyllande korleis kjemikalia skal handterast på ein sikker måte, og kva for verneutstyr som skal brukast.
- Fysiske og kjemiske eigenskapar
Forklarer eigenskapane som eigenvekt, smeltetemperatur, kokepunkt, farge og lukt. For å finne eigenvekta til eit metall, til dømes ved legeringen blanding av forskjellige metaller for å få ønskede egenskaper ved metallene., står den informasjonen her.
- Stabilitet og reaktivitet
Forklarer korleis produktet reagerer med andre stoff eller varme, og om det blir danna farlege sambindingar.
- Opplysningar om helsefare
Gir ei detaljert beskriving av kjende helseplager og symptom ved eksponering av stoffet.
- Miljøopplysningar
Beskriv skadeverknadane på natur og biologi. Om du vurderer å helle produktet ut i vasken, kan du lese her om det er skadeleg for dyr som lever i vatn.
- Fjerning av kjemikaliumavfall
Forklarer korleis produktet kan bli kasta og destruert på ein trygg måte.
- Opplysningar om transport
Omfattar krava til transport av produktet. Dei er spesielt viktige for produsent og distributør.
- Opplysningar om lover og forskrifte
Beskriv kva for lover produktet høyrer inn under
- Andre opplysningar av betyding for helse, miljø og sikkerheit
Listar opp HMS-punkt ein må ta omsyn til.