Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Luft og ventilasjon

I ein verkstad er det mange prosessar som lagar støv, skitnar til og kan skape merker i produkta under produksjonen. Ein del kjemikaliar kan dampe og gi avgassar. Dei kan vere skadelege og i verste fall medføre død. God ventilasjon er derfor viktig. Område med kjemikaliar og maskiner og aktivitetar som skaper støv, må ha avsug.


Avsuget på arbeidsbenken tar støvet frå hengebormotor/mikromotor. Små lokale avsug med kolfilter er greie til å fjerne avgassar frå lodding. Støyping og smelting av metall dannar også farlege gassar. Her må ein ha eit kraftig avsug.

Slip og polering bør helst gå føre seg i eit eige rom for å unngå støvspreiing. Polermotoren må ha eit ekstra godt avsug for å fjerne alt støvet frå polerskiva og polervoksen. Det inneheld edelmetall som samlast opp og sendast til raffineringGjenvinning av metaller gjennom mekaniske, kjemiske og elektrolytiske prosesser til rent finmetall som benyttes igjen..

Galvanorommet inneheld det galvaniske utstyret og kjemikaliar. Her må ein ha både gode avsug generelt og over eventuelle kjemikaliar spesielt. Hugs at syrer verken skal brukast, blandast eller oppbevarast i same rom som væsker eller pulver med cyanidCyanid er et anion med kjemisk betegnelse CN. Ekstremt giftig, danner blåsyregass i kontakt med syrer.!

Migrated