HMS er en forkorting for helse, miljø og sikkerheit. Vi kan kort seie at det omfattar menneske, det ytre miljøet og materiell.
Vi har lover som regulerer helse, miljø og sikkerheit. Om du driv ei verksemd med tilsette eller lærlingar du har ansvar for, er du pålagt å følge regelverket. I eit enkeltpersonføretak er du berre ansvarleg for deg sjølv. Men figuren over viser at ein like fullt har eit ansvar for miljøet. Ein må sikre at materiell som maskiner og utstyr ikkje kan komme til å skade utanforståande.
HMS-regelverket er ikkje eit nødvendig vonde med krav som tar tid og ressursar frå produksjonen og kundebehandlinga. I staden må du sjå på det som ei rettleiing og eit verktøy for å sikre eiga og andre si helse, samt miljøet.
HMS omfattar lys, verneutstyrUtstyr som beskytter kropsdeler mot slag, kjemikalier og varme. Hjelm, vernebriller, skinnforkle, øreklokker mm, ventilasjon, førstehjelpsutstyr og bruk og oppbevaring av kjemikalium og gassar. Verkstaden skal ha rutinar for korleis ein arbeider med desse, og kva ein gjer om det skjer ei ulykke.
I Norge finn vi dei lovene som omfattar HMS i Arbeidsmiljølovenlov som skal sikre et godt arbeidsmiljø, trygge og rettferdige ansettelsesforhold, et inkluderende arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakerne og arbeidsgiverne.[1]. Det er ofte tungt å lese regelverk. Då kan du kontakte Arbeidstilsynet. Det er eit statleg organ med ansvar for å sjå til at norske bedrifter og institusjonar har eit sunt arbeidsmiljø. Det finst òg fleire verksemder som lever av å selje HMS-løysingar.