Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Polermaskiner

For slipe- og poleringsarbeidet brukast polermotor og trommel.

Ein polermotor er berre ein kraftig elektromotor med ein eller to spindlar som ein kan feste slipe- og polerskiver på. Dei blir brukt til å grovslipe, slipe og polere overflata på produkta. Det kan vere greitt å ha slipeskive på den til venstre, medan polerskiva er på den høgre. Då følgjer prosessane leseretninga. Hugs å vaske gjenstandane godt mellom slip og polering. Vel ein motor med minst to hastigheitar. Den høgaste bør som minimum ha ei omdreiing på omkring 3000 i minuttet. Den farta bør det vere mogleg å halvere for å ha betre kontroll med slipinga. Det beste er ein motor med enda høgare omdreiing og regulerbar hastigheit.

Polermotor

Trommel

Det er også mogleg å få gjort store delar eller all slipe- og poleringsarbeidet med tromlar. Trommelen er i dei fleste tilfelle ein boks som inneheld slipande eller polerande media, til dømes stålkuler eller grove keramiske kjegler. Saman med desse har ein gjerne vatten og såpe. Ein legg produktet som skal slipast eller polerast i boksen. Ein tromlar så lenge som nødvendig, frå eit minutt til ein dag. I boksen gnir slipegjenstandane seg mot produkta og polerer dei.


Kuletrommelen har polerte stålkuler i ulike former og storleikar. Desse verkar som små hamrar som hamrar over smykke medan dei roterer i trommelen i ei blanding av vatn og såpa. Resultatet vert ein jamn, blank overflate spesielt godt eigna for sølvsmykke.

Kuletrommel

 

Magnetisk trommel verkar på same måte som ein kuletrommel, men i staden for at behaldaren roterer er det sterke magnetar som driv nåltynne stålstavar rundt. Desse kjem til der kulane til kuletrommelen er for store. Velegnet til smykke med mange små detaljar, men på større blanke overflater kan stålstavane gje ei prikka overflate. Dette fordi stavane er så tynn og etterlèt seg "*nålstikk" i overflata.

 

Mgnetisk trommel

Virabtrommel flyttar smykka og slipemedie rundt ved hjelp av ei vibrerande rørsle. Desse tromlane er berekna på keramiske brikker som slipar over smykka. Trommelen er mykje brukt i samanheng med støping, sidan han kan nyttast med grove slipebrikker som fjernar støpehuden etter støyp. Prosessen er tidkrevande og løner seg når det er snakk om mange smykke som skal slipast, då kan han gå igjennom heile natta. Han vert òg nytta med knust valnøttskall for polering av smykke.

Virabtrommel

Sentrifugaltrommelen minner litt om vibratrommelen, men i staden for vibrasjon, har han ein diskSe patene. i bunden som roterer i høg fart. Dette skapar ein malstrøm der slipemediet trekkjast ned i senter av behaldaren og vert opp pressa langs sidene, medan det roterer. Dette gjev stor slipa-effekt og maskina vert brukt med ulike slipemedier, frå grov keramikk til heilt finmale valnøttskall. Verta maskina brukt riktig, kan han gjera heile slipa- og polering sitt prosessen med eit særs bra resultat.

Sentrifugaltrommelen

 

 

Migrated