Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Valse

Valsa bruker ein primært til å justere tjukkleiken på metallet eller å lage plater og boltar frå nedsmelta metall. Det er difor eit like viktig verktøy for gullsmeden som trekkjernet.

Valsar finnes i mange ulike variantar med tanke på type, størrelse og pris. Alle har ein eller fleire bommer. Ein valsebom er ein herda stålsylinder som kan justerast opp og ned. Slik kan ein tilpasse tjukkleiken ein skal presse metallet ned til. På mindre valsar fyller bommane fleire funksjonar. Dei har parti til å valse ned plater, firkanttrådar og boltar på dei same bommane. Større valsar har gjerne to sett bommar for å kunne valse større plater og for å få større variasjon på firkanttråden. Både store og små valsar kan ha eit ekstra spor for halvrund tråd.

 

 

Valsen kan over tid tjene seg inn ved å bruke den til å gjenvinne skrodesølv til nye plater og tråder.

Migrated