Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Verneutstyr

Ein brukar fleire former for verneutstyr i verkstaden. Når ein kjem inn, tar ein på seg lærforkle og vernebriller. Høyrslevern er lett tilgjengelig på arbeidsbenken eller i nærleiken av dei stadane ein lagar mykje støy. Støvmasker er mykje brukt ved polering.

 

Verneklede

Svært mange gull-, sylv- og filligranarbeidarar brukar eit skinnforkle når dei jobbar. Forkle har mange funksjonar: Det vernar kleda for skit frå arbeide i form av støv og anna søl. Det har gjerne lommer som er praktisk av openbare grunnar. Det viktigaste er at det vernar ein frå kjemikaliar, flammar og varme gjenstandar som elles ville ha brent seg rett gjennom kleda. Det kunne ha forårsaka mykje skade på kroppen. (Sett inn Bilde av brennmerke i stol) Om ein får eit varmt stykke på seg, gjeld det å komme seg på beina. Gjenstanden fell på golvet i staden for å brenne seg inn på huda og skade arbeidaren.

Vernehanskar kjem i mange former til kvart sitt bruk. Ved bruk av kjemikaliar bør ein lese HMSForkortelse for Helse, Miljø og Sikkerhet. Grunnprinsippene i Arbeidsmiljøloven for å sikre trygge og miljøvenlige arbeidsforhold.-databladet for å finne rett hanskar. Ver forsiktig ved bruk av hanskar under polering og sliping. Dei kan setje seg fast og i verste fall knekke eller slite av fingrar. Men ein treng hanskar, spesielt om ein jobbar med gjenstandar som blir svært varme eller har kvasse kantar. Vær forsiktig!
 


Augevern

Vernebriller kjem i forskjellige variantar og kvalitetar. Brillene bør vere godkjente for kjemisk, mekanisk og termisk fare. Då er dei heildekkande og vernar mot dråpar. Briller av polykarkarbonat blir anbefalt for å unngå kjemikaliar. Vel briller som dekker dei krava og behova som er på arbeidsplassen. Dei bør også passe godt og vere komfortable å bruke, gjerne slik at ein har dei på heile tida. Det må ikkje bli eit tiltak å bruke dei.

Det er ein fordel å bruke vernebriller medan ein loddar. Brillene hindrar at auga blir tørre, noko som er spesielt viktig for dei som brukar kontaktlinser.

Andletskjerm dekker heile andletet mens vernebriller berre dekker auga. Skjerm er svært nyttig for å unngå ubehagelig sprut i andletet, spesielt kjemikaliar. Skjerma bør brukast der ein ser at ho er nødvendig.

 

Høyrselsvern

Ta vare på høyrselen! På ein arbeidsplass er det ofte mykje støy. Den kan øydelegge høyrselen for resten av livet. Verneombodet bør passe på at støyen er på eit forsvarleg nivå. Høyrselsvern skal vere eit kortvarig alternativ, ikkje ei løysning! Også høg lyd over små periodar vil over tid slite på høyrselen. Til dømes kan sterke lydbølgjer frå ambolten og knitringa frå ultralyd forårsake høyrselstap eller døvhet for høge tonar.

Øyreproppar kjem i ein rekke forskjellige former, farger og materiale. Dempinga varierer. Her bør ein prøve seg fram til nokre som dempar støyen og er komfortable. Hugs at musikk rett på øyret er like skadeleg som dei gjentakande slaga på ambolten!

Øyreklokker er eit betre alternativ enn proppar. Ein av dei fine tinga er at dei ikkje går inn i øyret. Dei er lette å ta på og av, og støydempinga er stort sett betre enn hjå proppane. Der er sjølvsagt variasjonar på pris, kvalitet og støydemping her også. Dei dyrare har også radio og Bluetooth for strøyming av musikk. Vel eit sett som er komfortable å bruke, slik at det ikkje er eit tiltak å bruke dei. Tilpass øyreklokkene slik at dei passer godt over begge øyra.

Andedråttsvern

Når ein jobbar med kjemikaliar, bør ein bruke ei maske med eit gassfilter som fanger opp rett avgassar. Les HMS-databladet frå produsenten for å finne rett filter. I nokre tilfelle må ein ha heilmaske med eigen luftbehaldar. Det er då spesifisert i databladet.

Støvmaske bør alltid brukast der det er støvutvikling. Alt støv som ein pustar inn, kan vere skadeleg om det kjem ned i lungene. Spesielt det minste støvet blir ikkje fanga opp av flimmerhår og kan gjere stor skade over tid.
 

Anna verneutstyr

Om ein har langt hår, må ein bruke hårnett eller knytte opp håret slik at det ikkje kjem inn i roterande maskiner. Til dømes kan polermaskina valde stor skade før ein rekk å slå ho av. Sett håret seg fast, blir det rive laus frå hovudet.

Migrated