Sidestil

Current Style: Standard

Tekststørrelse

Current Size: 100%

Arbeids- og læringsmiljø

Dei same reglane for HMS gjeld for eleven på skolen og arbeidstakaren i bedrifta.

Arbeidsmiljølovenlov som skal sikre et godt arbeidsmiljø, trygge og rettferdige ansettelsesforhold, et inkluderende arbeidsliv og samarbeid mellom arbeidstakerne og arbeidsgiverne.[1] vernar det fysiske og psykososialeen fellesbetegnelse på forhold som angår sosiale forhold av psykologisk betydning arbeidsmiljøet, fortel om rettigheitene til arbeidstakarane og stiller krav til arbeidsgivar. Loven gjeld like mye i oppbygginga av eige verkstad. Den er ein hjelp til å finne ut av kva ein bør ta omsyn til i eit yrkesaktivt liv som gullsmedEn som jobber med juvelerteknikker. Smykker, fatninger og små mekanismer i alle edle metaller.. Elevar har også OpplæringslovaLov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa . Den rettleier skolen om kva elevane har krav på under utdanninga. Dei har krav på eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Verkstader og klasserom skal i tillegg ta omsyn til tryggleiken.

Skolen og arbeidsplassen skal vere utforma for å unngå skadar. Dei skal også arbeide aktivt med det psykososiale miljøet. Kvar elev og arbeidstakar skal få oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Alle formar for mobbing og diskriminering av kjønn, rase, religion eller liknande er ulovlig. Det psykososiale miljøet er svært viktig på ein arbeidsplass. Mistrivsel vil påverke kvaliteten på arbeidet, hastigheita ein jobbar i og i mange tilfelle auke sjukefråværet. Ein som trivast er meir motivert og arbeider betre.

Om ein opplever farar i arbeidsmiljøet, mobbing eller diskriminering, kan ein ta kontakt med sjefen, verneombodet eller fagforeininga for å få støtte og hjelp. Hugs også på at du sjølv har eit ansvar for å skape eit godt miljø for alle.

Migrated